>
← Tilbake
 

Slik jobbar vi.

Vi vil først og fremst vere koordinatorar for at dei
gode ideane blir verkelege.

 

Slik går vi fram:

Du vil høyre frå oss innan to veker etter at du har sendt inn din idé. Dersom vi ser at ideen din kan bidra til forbetringar
og utvikling av framtidas sjukehus vil vi jobbe vidare med han, gjerne i samarbeid med deg.

Vi koplar kompetanse og miljø både på sjukehuset og med samarbeidspartnarar for å kunne vidareutvikle ideen på best mogleg måte.

Vi prioriterer idear som bidreg til betre helsetenester og er gjennomførbare.